torsdag, januar 19, 2006

Også du min sønn, Tøflus..

Dette biletet har ingenting med denne posten å gjer,
det skal bare hengja der til skrekk og
åtvaring ei stund. Det vil forhåpentlegvis
festa seg til netthinna DI, og leggja seg inn
i underbevisstheten din, under kategorien:
"Kva er poenget"!





Som respons på kommentaren i sist blogg frå min gode ven og broder Magnus,
vil eg, for hans skuld, ta eit steg inn i einsemda...

Som fuglane strekkjer vingene sine under himmelkvelvingen,
som geita hoppar og leikar i fjellsida,
som sola steikjer ein sommardag,
dag for dag, veke for veke,
kvar er vyrnaden hjå ei reke?
(dette var for å pirra dei poetiske sansane dykkar, å varma dykk opp for neste bolk)

DAGEN I DAG pr nå.

I dag eg vakna til rennedrev,
eg vona då ikkje slikt eit strev.
Eg flekkte av kleda og hoppa i dusjen,
viss ikkje hadde eg vorte blaut i pysjen.

Då det varme vatnet hadde gjort jobben sin,
tørka eg den vinterpelsa kroppen min.
Eg jekk ut av badet, inn i gangen,
medan eg song siste vers i sangen.

Der låg kleda, reine og klare,
heldigvis er eg ikkje ein hare.
Høne pøne, hønsehauk,
hopp ut vinduet, korkje lauk.

Vegen inn på kjøkkenet bar,
må laga frukost sjølv, utan mor og far.
Eg et ved bordet mitt, som har meir enn ein klaff,
DER tenkjer eg du vert ganske paff.

Då mat for kropp og ånd var fortært,
tenkte eg at "kjøleskåpet er ganske svært"
Men ryggen måtte tømast og tennene vaskast,
kva trur du gjekk raskast?

Bilen min sto nesten snødd inne,
bestevennen til lillebror er ein skarve pinne.
Borti vegen var det nærast null sikt,
når eg vert gamal får eg kanskje gikt.

På Tunheim ein brøytebil låg på sida i grøfta,
viking redningsteneste ville han oppatt løfta.
Det var alt som har skjedd til nå,
derfor må eg aller helst gå.

Eg skal no læra om avdrag og rente,
på læraren eg sit og vente.
Ho skulle eit eller anna hente,
fordi namnet hennar er Bente.

5 Comments:

At 11:10 a.m., Blogger Rannveig said...

her va d møje forskjelligt... vinterpelsa kroppen, tøma ryggen, koss komme du på alt dette??

fint dikt!

 
At 11:40 a.m., Blogger Jens said...

Takk!

Dæ æ et udrag i frå
"Jens' lille røde"

 
At 3:56 p.m., Blogger Gretty said...

he du an i gult?

 
At 5:54 p.m., Blogger Jens said...

Kan nok ordna dæ..men då blir dæ nok en del billigare æ æg redde. Går dæ greit?

 
At 12:29 p.m., Blogger Sissel & Magnus said...

Smukt innhopp i ensomhetens verden. Kanskje skallen din og blir satt oppi "KNIUDAHAIÅ", slikt at rebelsk ungdom kan komme å pisse på hode.

 

Legg inn en kommentar

<< Home